3103 Frå Versailles til Valdres

Draktskikken i Norge har røter attende i tid og vidt utanfor landegrensene. I Frå Versailles til Valdres - Ei drakthistorisk reise fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote - og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Karlberg tek for seg det rike samspelet mellom motedrakt og forlkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkningar av den europeiske motedrakta, eller er dei sjøvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum ein impuls frå den europeiske rokokkomoten, eller også ei folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske forlkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls?

Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg boka til ei utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Ho er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av påkledning.

Frå Versailles til Valdres - Ei drakthistorisk reise er ei etterlengta bok - for allment interesserte og for dei som vil djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forsknings- og dokumentasjonserbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.

Forfatter: Magny Karlberg.

Kr. 499,- inkl. moms.
 
 
 
 
Fra Versailles
 
 
Skriv ut
Legg til i favoritter
Tips en venn